Besøk frå Romania

Besøk frå RomaniaBesøk frå Romania

Endeleg var dagen komen og våre vener frå Romania kom til skulen vår. Dette første møtet var spennande for alle elevane og det såg ut som dei treivst godt saman!

Tysdagskveld var det mange spente born og ungdommar samla på Kvinlog i påvente av at elevane frå Simion Barnitiu skulen skulle koma. Dei hadde reist frå Zalau natt til tysdag og kom til Kvinlog ca. kl. 20.00. Då stod denne gjengen samla for å ta imot gjestane. Odd og Jan Kristian hadde vore på Sola og henta 20 elevar og 4 lærarar, og elevane frå Romania var nok minst like spente som oss. Astrid og Bodil hadde førebudd eit måltid og det var nok bra for gjestane var svoltne etter ei lang reise. Både dei rumenske og dei norske elevane samla seg såleis allereie første kveld på Kvinatun. Onsdag kl. 11.30 kom dei til skulen vår. Her hadde me ei samling i gymsalen der rektor ønskte alle velkomen, korpset spelte, elevar frå 1.-4.klasse song og elevane frå Romania framførte dikt og to norske songer som Bodil hadde lært dei. Etterpå gjekk alle elevane ut til friminutt og det var flott å sjå kor lett elevane blei inkludert! Noen sparka fotball, noen gjorde "eggeball" og andre snakka bare saman. Det var mange elevar som òg møtte opp etter skuletid for å vera saman med dei nye venene sine.
Me har no laga eit nytt album under "Bilete"der du kan sjå
Besøk frå Romaniafleire bilete frå dette besøket.

23.04.08

Landscape from Norway

Photo story created by Alex and Espen.


28th April-School activities

Math, informatics, learn romanian and norwegian, cooking and sports.